Vinsmaking med Ingvild Tennfjord og musikere fra Hemsingfestivalen.

Fredag den 9. februar kl. 20:00 inviterer Hemsingfestivalen og Danebu Kongsgaard til vinsmaking og konsert. Ingvild Tennfjord holder vinsmakingen mens Maxwell Kvartett spiller nydelig musikk.

Arrangementets varighet er ca 2 timer.

Sikre deg din billett ved å klikke her.
Book rom ved å klikke her.
Klikk her for å booke et pakkeopphold med overnatting og vinsmakingskonserten.

Vi ønsker deg hjertelig velkommen!

Matservering:
Det er ikke matservering under vinsmakingen, men du er hjertelig velkommen til å reservere bord for alternativene under:
- Dagens 3-retter serveres kl. 18:00.
- Fjellplank og ost- og spekematfat serveres før og etter vinsmakingen.
Grunnet kapasitet, er det etter kl. 16:00 kun matservering ved forhåndsreservasjon fredag 09/02.

Bord reserveres ved å klikke her.

Hemsingfestivalen beskriver arrangementet slik:
"Korleis fange eit sanseinntrykk med ord? Det var forfattar og vin-anmeldar Ingvild Tennfjord sitt spørsmål då ho sa opp jobben for å bli «verdas beste vinjournalist». Slik det også er med musikk, er opplevinga av vin vanskeleg å setja ord på. Kanskje kan dei to komplettere kvarandre? På denne unike smakinga kan du nyte både musikk og vin, ein opplevingsrik kveld der du kanskje også får ei ny forståing av både musikken og vinen. Dette kjem du seint til å gløyme. Passar for både nybyrjarar og vidarekomne.
Vi smakar fire ulike vinar.

Maxwell kvartett frå Skottland vil spela klassiske kammerverk samt eigen arrangerte skotske folkemusikkslåttar."

Ingvild Tennfjord
Ingvild Tennfjord er ein norsk journalist, forfattar og vinmeldar, fødd i Bergen i 1977. Ho tok medievitskap ved Universitetet i Bergen før ho fullførte journalistutdanning ved Høgskulen i Volda 2000–2002.

Med arbeidserfaring frå Bergens Tidende, Dagens Næringsliv og Dagbladet gjorde ho seg for alvor bemerka med portretta sine i Dagbladet Magasinet, der ho i 2008–2012 hadde sitt eige intervju. I 2006 mottok ho Arne Hestenes-prisen for den leikne skrivestilen sin.

I ei årrekke var ho kåsør for Norgesglasset på P1. Det vekte derfor oppsikt då Tennfjord i 2012 sa opp jobben for å bli «den beste vinjournalisten i verda». På den tida kunne ho ingenting om vin. No er ho Noregs meste lesne vinjournalist med WSET Diploma. Ho har skrive åtte vinbøker. Den første boka, Skål (2013), vart nominert til Brageprisen for beste sakprosabok same år. Bøkene hennar har alle lege på «Bokhandlernes bestselgerliste».

Ingvild Tennfjord er ein ettertrakta foredragshaldar. Kvar veke held ho vinkurs over heile landet. Ho er også ein hyppig brukt konferansier og har leidd Nyttårskonsertene med Bergen Filharmoniske Orkester, Lysfesten i Bergen og Haugalandskonferansen.

Tennfjord er ein hyppig gjest i media. Vi kan blant anna nemne Nytt på Nytt (2016), Lindmo (2015), Sommer i P2 (2015) og den faste vinspalta hennar som når nær ein million lesarar gjennom Stavanger Aftenblad, Aftenposten, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen. Ho gjestar jamleg God morgen,Norge og Nyhetskanalen på TV 2 og blir ofte brukt som ekspertkommentator i nyheitssendingar og NRKs radiokanalar. 

Få veit at Ingvild også har tidlegare arbeidserfaring som budeie, teaterleiar og spelar skranten fiolin i lystig lag.

Maxwell Quartet
Maxwell Quartet blir rekna som ein av dei beste unge strykekvartettane i Storbritannia, etter at dei vann Trondheim internasjonale kammermusikkonkurranse i 2017 og fekk publikumsprisen. Kvartetten har nær tilknyting til den folkemusikalske arven sin og ønskjer å skape vidtfemnande prosjekt og program for å utvide repertoaret for strykekvartettar. 

Kvartetten opptrer jamleg i heile Storbritannia i salar som London’s Wigmore Hall, Purcell Room,Queen’s Hall Edinburgh og Perth Concert Hall. Gruppa har òg reist mykje i Europa og har hattkonsertar i Frankrike, Italia, Tyskland, Nederland, Belgia, Danmark, Noreg og Portugal. I 2019 hadde dei den første turneen i USA, og det førte til strålande kritikkar i aviser som New York Times. Konsertane deira var utselde både i New York, Florida, California and Washington. I 2020 var gruppa på ein 35 dagars turné i USA. 

Maxwell Quartet gav ut den første cd-en sin på Linn Records i mars 2019. Han inneheld kjend strykemusikk av Haydn, ved sida av kvartettens eigne komposisjonar baserte på skotsk tradisjonell folkemusikk. Utan unntak fekk cd-en strålande omtaler frå internasjonal presse og vart nummer tre på lista over framståande klassiske verk («classical specialist charts»). I 2021 kom oppfølgjaren Haydn String Quartets opus 74 med folkemusikk frå Skottland. Den vart vald til ein av Apple Musics ti beste album den månaden. Det tredje albumet deira kjem på Linn Records i 2023. 

Kvartetten består av fire nære venner som spelte folkemusikk og klassisk musikk saman i ungdomsorkester og musikkskular i Skottland. Dei danna gruppa i 2010, då dei alle gjekk på det kongelege konservatoriet i Glasgow. I 2011 vart Maxwell Quartet utnemnd til husartistar (residency artists) for Enterprise Music Scotland i 2011–2013. Det førte til fleire kritikarroste konsertturnear gjennom to år. Seinare har kvartetten vore sentral på mange festivalar, inkludert deira eigen festival, Loch Shiel, i høglandet vest i Skottland, og eigenkuraterte konsertar på Guardswell Farm i Perthshire. For tida har kvartetten rolla som tilknytt artist (associate artist) ved konservatoriet i Glasgow. 

Kvartetten likar å samarbeide med musikarar og utøvarar av andre kunstformer. Han har derfor samarbeidd med artistar og institusjonar frå mange land, som teaterkompaniet Cryptic, installasjonskunstnarar, den kongelege balletthøgskulen, soulduoen Lunir, folkduoen Chris Stout & Catriona MacKay, Den Danske Strygekvartet og mange andre. I tillegg til eit travelt konsertprogram har kvartetten jamleg kurs på skular og konsertar for barn. 

Maxwell Quartet har studert med Endellion Quartet gjennom eit mentorprogram for kammermusikk ved King’s Place og privat med Hatto Beyerle, grunnleggjaren av Alban Berg Quartet, i Hannover. Kvartetten spelar på fiolinar av David Tecchler og Giovanni Batista Rogeri, ein bratsj av J.B. Vuillaume og ein cello av Francesco Ruggieri (1670), alle lån frå rause velgjerarar. I tillegg spelar dei på moderne instrument av dei britiske instrumentmakarane Roger Hansell, John Dilworth og David Rattray.